fredag 13. september 2019, 19:00 - 21:30

Informasjon

Teaterførestilling (Jon Fosse)
med
Andreas Koschinski Kvisgaard og Maud Monceyron

Fredag i kafeen: NATTA SYNG SINE SONGAR

Kjøp billett her

Teaterforestilling etter dramatisk verk av Jon Fosse
 

Kan ei natt leggja eit heilt samliv i grus? Kor mykje må eit ektepar gå gjennom før dei klarar å bryte frå kvarandre? Er hat og kjærleik eigentlig motsetnadar? Kor langt er det mellom dei to følelsane?
Med utgangspunkt i Jon Fosse sitt dramatiske verk «Natta syng sine songar” utforskar skodespelarane Andreas Koschinski Kvisgaard og Maud Monceyron det klaustrofobiske og det destruktive som kan oppstå i par-relasjoner.


Publikum vert invitert inn i heimen til ekteparet, der skiljet mellom publikum sin plass og scenen er viska ut i Hovedhuset på Hå.Jon Fosse er kjend for å skriva dramatikk som beskriv og eksponerar eit liv på bygda. I staden for å ta bygda med til scenen, er scenen teken med til bygda. Forestillinga er eit innblikk i kva som eigentleg foregår innafor dei fire veggane i heimen når alle dører er lukka og alle lys er slukka.

Forestillinga varer 50 min.  Stykket blei vist på Nasjonalteateret i Oslo våren 2019.

Etter forestillinga er det god mat og noko godt i glaset.
 

Pris kr 400 inkl. mat. Sal av mineralvatn, øl og vin.

 


 

: 400

Stad


 

Kontakt


 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Filter

Søk