Forsking

 Jærskulen er ein attraktiv samarbeidspartnar og deltek i fleire forskningsprosjekt:

Partners in practice (2020-2025)

Partners in practice er eit partnarskap med Lesesenteret, UiS, og målet er å fornye og utvikle gode faglige praksisar, basert på ein dialogisk tilnærming til undervising. I samarbeid med lærarar i Jærskulen ønsker forskarane å utvikle, prøve ut og vidareutvikla undervisninga i norsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. 

Les meir om Partners in practice her

ROBUST (2021-2024)

Ungdomsskulane i tre av dei fire kommunane er ein del av forskingsprosjektet Resilient i regi av Universitetet i Stavanger. Resilient utviklar og testar ut undervisningsopplegget ROBUST, www.uis.no/robust. Prosjektet starta opp hausten 2021 og fikk halvparten av 9. klassingane undervisning i ROBUST. Målsettinga med ROBUST er å stimulere til økt sosial og emosjonell kompetanse blant elevar innan sentrale ferdigheter for å mestre skulekvardagen. Det er en sterk kopling mellom ROBUST og læreplanen, både i overordna del og fagplanane, blant anna i det tverrgåande temaet «Folkehelse og livsmestring».

 

Avslutta prosjekt 

 

CLAE (2019-2022)

CLAE II, www.clae.no, er eit skuleutviklingsprosjekt støtta av Erasmus+; EU sitt program for undervisning, trening, ungdom og sport. CLAE står for Critical Literacies and Awareness in Education og Jærskulen er i samarbeid med Universitet i Stavanger prosjekteigar.

Prosjektet har fokus på kritisk kompetanse og medvit i undervisninga – «Å tenke kritisk samen». Hovudmålet er at lærarar og forskarane skal få ein betre forståing av moglege mønstre og prinsipp som styrker elevane si kritiske tenking gjennom forbetring av elevane si dialogiske deltaking i klasserommet og elevane si metakognitive medvit. Gjennom å arbeide med den kritiske ferdigheita i undervisninga bidreg ein til at elevane både medverke og tar medansvar i læringsfellesskapet. 

CLAE II er sterkt forankra i læreplanens overordna del i opplæringas verdigrunnlag; «Kritisk tenking og etisk bevissthet».  

Les meir om CLAE ved å klikka her

 

DigUp (2020-2022)

DigUp er ein digital undervisningsplanleggar som er utvikla for å støtta lærarar i arbeidet med å laga gode planar for elevane si læring.Jærskulen er eigar av prosjektet ved Time kommune og skulesjef Pamela Sudmann. Toril Frafjord Hoem, førstelektor ved Lesesenteret/UiS er prosjektleiar. DigUp utviklar ein plattformuavhengig  undervisningsplanleggar som visar ein samanheng mellom mål, innhald, arbeidsmetodar og vurdering. 

Les meir om DigUp ved å klikka her