Kurs for 1. klasselærarar

Kvart år arrangerast det kurs i klasseleiing, lesing og rekning for alle lærarar som skal ha fyrste klasse ved skulestart kommande skuleår. 

I skuleåret 2021-2022 hadde me følgjande kurs i kommunestyresalen, Hå rådhus:

Begynnaropplæring i matematikk v/ Professor Janne Fauskanger, UiS

Tema: Korleis støtta barn i rekneutviklinga?


Kurset hadde fokus på korleis barn utviklar forståing for sentrale matematiske omgrep, for posisjonssystemet og på korleis ein kan legga til rette for at barna utviklar effektive reknestrategiar og utviklar rekneforståing.

Lese- og skriveopplæring på 1.trinn v/ Avdelingsleiar Christine Soldal Risa, Orre skule

Tema: Å få tilgang til språket. Lese- og skriveopplæring på 1.trinn 

1. Grunnleggjande forståing av lese- og skriveutviklinga
2. Øveskriving og autentiske skrivesituasjonar
3. Konkrete tips og erfaringar

Klasseleiing v/ Førsteamanuensis Grete S. Vaaland, UiS

Tema: God start i 1.klasse


1. Å etablera seg som leiar i klassen
2. Å etablera klassen som sosialt system