Betaling av kommunale avgifter

To gongar i året kjem det ein faktura frå kommunen til deg som eig ein eigendom i Hå. Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fakturaen du har fått. 

Sjå dine fakturaer og søk om betalingsutsetting her

 

Betalingsfrist

Kommunale avgifter for vatn og avløp, renovasjon og feiing skal betalast to gongar i året.

Kommunale avgifter: Forfallsdato
Termin Betalingsfrist Periode Innhald
1 1. april 1. halvår: Januar til juni Faktura fyrste termin inneheld faste avgifter frå januar til juni, i tillegg til oppgjer på det som er betalt på forskot av vatn og kloakk, mot det faktiske forbruket ditt. Du betaler også forskot på det forventa forbruket på vatn og kloakk for fyrste halvår.
2 1.oktober 2. halvår: Juli til desember Faktura andre termin inneheld faste avgifter frå juli til desember. I tillegg til forskot på det forventa forbruket på vatn og kloakk, for siste halvår.

 

Prisar

 

Me tilbyr e-faktura og avtalegiro

Me oppfordrar alle til å teikna avtale om e-faktura eller avtalegiro.
Les meir om korleis du gjer dette her

 

Får du rekninga til feil adresse?

Som eigar av ein eigedom har du ansvaret for å betale dei kommunale avgiftene. 

Du kan fylla ut dette skjemaet for å gje beskjed til kommunen dersom rekninga kjem til feil adresse.

 

Kva skjer ved hussal?

Ved sal av hus sender meklaren nødvendige dokument til Statens kartverk. Det går gjerne eit par veker før salet blir registrert. Så snart salet er registrert, blir informasjonen automatisk overført til kommunen. Når kommunen sender ut faktura på kommunale avgifter, vil fakturaen alltid gå til den som står som eigar den dagen faktureringa skjer. Det kan derfor henda at du får faktura som ny eigar skulle hatt.

Ved eigarskifte er seljar og kjøpar sjølv ansvarlege for å gjera opp kommunale gebyr seg imellom. Det er den registrerte eigaren som heile tida er ansvarleg for ubetalte gebyr på eigedommen. Det inkluderer også kommunale gebyr som ikkje er betalte av tidlegare eigarar. 

 

Er postane på fakturaen vanskelege å forstå?

Kommunale avgifter

spørsmål
Kva tyder "vatn målt forbruk fø"?

Det tyder vatn målt forbruk førre år. Denne summen er rekna ut frå antal målte kubikk som du brukte i fjor. (Me finn forbruket ditt ved å samanlikna målarstand du leverte ved nyttår, med målarstanden du leverte for eitt år sidan)

Kva er abonnementsavgift vatn?

Dette er eit fast beløp uavhengig av kor mykje vatn du bruker. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.

Kva tyder akonto vatn?

Akonto er førehandsbetaling av forventa vassforbruk dette året. Dette er rekna ut i frå det vassforbruket du hadde i fjor. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.

Kva tyder "fråtr akonto vatn fø"?

Fråtrekk akonto vatn førre år, tyder at me trekk frå det du betalte inn i forskott (akonto) i fjor. Viss forbruket ditt var høgare i fjor enn året før, vil det vera ein meirkostnad for deg på denne rekninga. Viss forbruket ditt var mindre i fjor enn året før, så trekk me dette i frå. Og rekninga di vil vera lågare.

Kva tyder abonnementsavgift kloakk?

Dette er eit fast beløp , som du betaler halvparten om våren og halvparten om hausten.

 

Kva tyder akonto kloakk?

Akonto er førehandsbetaling av forventa forbruk. Dette er rekna ut i frå det forbruket av vatn du hadde i fjor. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.

Kva tyder renovasjon fast avgift?

Dette er den faste delen som alle betaler likt, uavhengig av kva slags abonnement du har på renovasjon. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.

Kva tyder renovasjon rest?

Dette er den variable delen av renovasjonsavgifta som er rekna ut frå kva storleik renovasjonsdunken din har. Det er tre storleikar: 140 / 240 / 660 liter dunkar. Dersom det står "renovasjon rest 140" på rekninga di, har du restavfallsdunk på 140 liter. Det er størrelsen på restavfallsdunken som avgjer kor mykje du betalar i renovasjonsavgift.

Kva tyder gebyr bleiedunk?

Viss du har bestilt bleiedunk, må du betala 200 kroner i eit eingongsbeløp. Bleiedunken er din eigedom, og du betaler ikkje noko for å få den tømt. Føresetnaden er at denne blir brukt bare til bleier, ikkje til anna restavfall.

Kva tyder slam?

Det tyder at eigedommen din ikkje er tilkopla det kommunale kloakknettet, men at du har ein septiktank på tomta di. Denne tanken må bli tømt annakvart år.

Kva tyder kloakk-drift og -bustad?

Har du gard med driftsbygning, står det slik på rekninga di. Betaling for vatnet blir rekna ut etter forbruk. Men betaling for kloakk er etter faste satsar. Ein driftsbygning blir rekna ut med 135 kubikk, og kvar bueining med 250 kubikk.

Fann du det du leita etter?