Jegerprøven

Alle som skal jakta må ha bestått jegerprøven.

Jegerprøven består av eit obligatorisk jegerprøvekurs og ein elektronisk jegerprøveeksamen. Du må gjennomføra obligatorisk kurs hjå godkjent kurshaldar før du kan ta eksamen i kommunen.


Elektronisk jegerprøveeksamen

Etter du har registrert deg som kandidat og betalt eksamensavgift kan du ta elektronisk jegerprøveeksamen i Hå kommune (rådhuset på Varhaug).

Eksamen er ein elektronisk prøve (på pc) som består av 50 spørsmål med 3 svaralternativer til kvart spørsmål. 80 % av svara må vera korrekt besvart, for at du skal få bestått eksamen. Det vert stilt spørsmål innanfor alle relevante emner som du har vore innom i  jegerprøve-kurset.

Skal du ta eksamen? 

Ta kontakt med Trude Høyland på e-post trho@ha.kommune.no eller telefon 51 79 30 28, så finn me ei tid som kan passa for deg.

Du kan også melda deg på ved å bruka skjema nederst på denne sida.

Jegerprøveeksamen

Felt merka med * må fyllast ut
Fann du det du leita etter?