Kvar av dei 34 skulane har ein ATV. Kvar av dei 4 kommunane har ein HTV som og sit i styringsgruppa for Jærskulen.
Jærskulen ønsker medskaping om skuleutvikling. Målet i Jærskulen er medskaping. Den profesjonsetiske plattformen for lærarar og leiarar er eit viktig dokument for å få til ei god utvikling av profesjonaliteten i læraryrket.
I løpet av dei fire siste åra har tillitsvalde i Utdanningsforbundet frå Gjesdal, Hå, Klepp og Time forma tillitsvaldrolla til å bli meir enn å fremja medlemsinteresser i sakar knytt til løn og arbeidsvilkår. Me har i Jærskulen arbeid fram ei plattform for utvikling av lærarprofesjonen i Jærskulen. Utdanningsforbundet vil vera med og driva fram ei skuleutvikling som fremjar læring og utvikling på alle nivå i organisasjonen.
For å lukkast i dette arbeidet må me lærarar vera opptekne av skuleutvikling i leiarrolla vår som tillitsvalde. Utdanningsforbundet sine ambisjonar kring profesjonsutvikling kan realiserast gjennom det viktige arbeidet me gjer i Jærskulen. Fire kommunar har saman bretta opp armane for å sikra at elevane her skal oppleva meir læring i ein skule som aktivt nyttar nettverksarbeid, utviklingsplanar og tydelege satsingsområde.
Me skal vera med og sikra at Jærskulen tek lærarane sin kompetanse og deira perspektiv i bruk på ein produktiv måte, hand i hand med forsking og erfaringar frå andre.