Profesjonsutvikling

I 2017 hadde Jærskulen ein prosess der me arbeida med profesjonsutvikling saman med Knut Roald.

Her finn du ulike dokument som er og var relevante for Jærskulen.

Kven er Knut Roald:

Knut Roald er dosent (PhD) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med leiing, kvalitetsarbeid og organisasjonslæring som forskings- og undervisningsfelt. Han har bakgrunn som rektor, kommunalsjef og leiar av industriverksemder. Han har vore sentral i organisering av utviklingsarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og høgskular/universitet. Han har skrive ei rekke bøker og fagartiklar om kvalitetsarbeid, ogansisasjonslæring, utviklingarbeid og kommunar som skuleeigar.  Han er knutt til masterprogram for utdanningsleiing og har vore fagleg ansvarleg for studietilbod innanfor den nasjonale rektorutdanninga.

 

Kven i Jærskulen har vore med? Jærskulen har 34 skular og 34 arbeidsplasstillitsvalgte (ATV) som har vore med i prosessen. Skulane har vore representerte med leiargruppene og ATV, men prosessane har vore på skulane hjå dei tilsette. Arbeidsgruppa (skulefaglegtilsette i kommunane) og styringsgruppa (Kommunalsjefar og Hovudtillitsvalgte (HTV) har vore med i prosessen indirekte og direkte i møta med Knut Roald.

 

Læringssløyfe

I eit år har Jærskulen hatt ei læringssløyfe  med mål om Djupnelæring i profesjonsfelleskapet.

I 7 dagar i september var leiargruppene og ATV (arbeidsplass tillitsvalt) på kvar skule samla i fokusgruppemøte med 1-2 andre skular. I desse møta var me konkrete på kva det er som gjer at me får gode profesjonsmøte i organisasjonane våre. Me bruker mykje tid (les:pengar) på møte, og forsking viser at me kan ha gode møte, men at det er lite som kjem ut av møta våre. Me har arbeida mykje med forarbeid, etterarbeid og fokus i møta våre. Skulane sit igjen med mange gode praktiske verktøy og arbeidet med profesjonsutvikling vil fortsetja i nettverka.

Overordna mål med prosessen:

Medskaping på alle nivå i skulesystemet, der alle aktørane er aktivt lærande og utviklar eigen praksis gjennom engasjert deltaking i gode praksisfellesskap på veg mot en lærande organisasjon

Delmål for prosessen

Utviklingsengasjement på den enkelte arbeidsplass gjennom aktivt samspel mellom profesjon og leiing

Leiing av profesjonsutvikling med fokus på kontinuerleg vidareutvikling av læringsmiljøet og læringsutbyttet for elevane

Felles kunnskapsgrunnlag om grunnleggjande føresetningar for læring og utvikling av organisasjonar, med utgangpunkt i omgrepet «djupnelæring»

Knut Roald har vist til erfaringar og forsking som seier m.a. at profesjonsutviklinga på jobb for lærarar er for svak. Ny overordna plan som no er vedtatt understrekar og i kap 3.5 at skulen skal vera eit profesjonsfagleg felleskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og videreutviklar sin praksis. Me er i gang med dette arbeidet i Jærskulen

Det avgjerande for prosessen Jærskulen har vore med på er at me har hatt ei læringssløyfe der me har hatt fleire delmål undervegs. Arbeidet med å vidareutvikle praksisfellesskapet på veg mot ein lærande organisasjon skal Jærskulen ta med seg vidare på kvar av dei 34 skulane og i alle dei 7 leiarnettverka og i nettverk for ATV.

Me kan ikkje seia me er i mål med måla som er satt for prosessen fordi det er prosessar me aldri vert ferdige med, men me kan seie me har hatt god måloppnåing.

  • Jærskulen no har eit felles kunnskapsgrunnlag om grunnleggjande føresetningar for læring og utvikling a organisasjonar, med utgangspunkt i omgrepet djupnelæring
  • Alle 34 skulane i Jærskulen har gjort endringar i måten ein engasjerer lærarar i gode praksisfelleskap på veg mot ein lærande organisasjon.