Bilete

Tunet brukerstyrt senter

Tunet brukerstyrt senter ved Klokkartunet vert styrd av brukarane. Dei tilsette er tilretteggjarar. Me har ope både dag- og kveldstid.

Om du ynskjer å ta del i felleskapet vårt kan du ringja eller senda oss ein e-post for å laga ein avtale. Du kan og bare møte opp om det passar best for deg. 

Tunet er ein stad for alle i Hå kommune som treng ein stad å møta andra, og som ynskjer å høyra til i eit felleskap. Hjå oss er det eit positivt og inkluderande miljø som legg til rette for aktivitet, meistring og nettverksbyggjing.  Her kan du vere deg sjølv, og gjere det du likar saman med andre.

Ved senteret vil du få vener, nokon å snakka med og nokon å dela både vanskelege og kjekke ting med. Du vil oppdaga at du ikkje er åleine om å ha det vanskeleg innimellom, og at me saman gjer kvarandre sterke, delt glede er dobbelt glede.

Du finn oss også på facebook: Tunet brukerstyrt senter i Hå kommune

 

Opningstider

Måndag, torsdag og fredag: 07.30 - 15.00

Tysdag og onsdag: 07.30 - 20.00

Laurdag: 10.30 - 18.00

Kontakt

Astrid Endresen
Leiar i brukarstyret
Mobil: 984 82 900

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?