Barn og unge i krise og sorg - tips til voksne

Barn er sterkare enn me trur, men dei kan verta alvorleg prega av kriser. Måten me vaksne reagerar på er særs viktig, og kan hjelpa barn med å koma seg vidare på ein god måte.Barn i sorg - Klikk for stort bilete

Det viktigaste er å vera der for barnet/den unge, å tåla kjensler og uttrykk for kjensler.

Barn sine reaksjonar kan koma direkte etter hendinga, i dagane eller vekene etterpå, eller etter fleire månader. Dei fleste reaksjonane er vanlege, og det er normalt at barn og unge tilsynelatande ikkje reagerer i det heile tatt.

Om du opplever at barnet eller den unge har reaksjonar som er særs intense, eller som varer over lengre tid, kan det vera lurt å søkja meir hjelp.

Ei krise er ein vanskeleg situasjon som ein person, ein familie, eit samfunn, og til og med eit land, kan oppleva etter ei tragedie eller ei alvorleg hending.

Ei krise kan opplevast som eit vegskilje, som eit før og etter hendinga. Ein kan utvikla seg, gå vidare og ta opp att livet sitt. Samstundes kan det vera fare for at nokre går i ein annan retning, isolerar seg og stagnerar. Me som møter barn og unge – foreldre, slektningar, vener, helsepersonell, lærere og barnehagepersonell – kan gjera mykje for å hjelpa barn og unge gjennom kriser på ein god måte

Tips til alle:

  1. Livet er i perioder ekstra vanskeleg og tungt fordøyeleg
  2. Trekk pusten, det er stor sannsynligheit for at det vanskelege er "normalt"
  3. Sammenlikn deg med verkelege mennesker, ikkje glansbilete
  4. Sjå deg om etter nokon du stoler på. Besøk ein ven!
  5. Vær ærleg! Ta en sjanse på at andre vil høyre om kva du tenker og føler
  6. Tenk langsiktig! Forplikt deg, invester i menneska rundt deg! Det er overraskande lite hjelp i kortsiktige unntak og unngåingar.
  7. Du kan få hjelp for alvorlege og langvarige «fordøyelsesproblem»
Fann du det du leita etter?