Bli lærar i Jærskulen du òg!

 Skulane i Gjesdal, Hå, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Elevane våre er vande med dyktige tilsette som kvar dag har fokus på å auke læringsutbyttet og vidareutvikle eit inkluderande læringsmiljø på dei 34 skulane våre.

Det er derfor viktig for oss at du som søkjer har godkjent lærarutdanning med sterk fagleg og pedagogisk kompetanse. 

Har du eit positivt elevsyn og er klar for å vere med å vidareutvikle elevenes skolemiljø, så passer du godt inn i det profesjonelle læringsfellesskapet me har i Jærskulen.

Send oss ein søknad og bli med på laget i Jærskulen du og! Me treng deg til skulane våre i Gjesdal, Hå, Klepp og Time.

I Jærskulen får du:

  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Arbeid i team saman med dyktige kollegaer
  • Rettleiing i 2 år for nyutdanna lærarar
  • Tilbod om etterutdanning og vidareutdanning
  • Undervisa elevar som nyttar læringsteknologi dagleg. Alle elevane på dei 34 skulane har eigen Ipad, Chromebook eller pc. 
     

Korleis søkja:

Du kan søkja ein eller fleire av skulane/ kommunane i Jærskulen. Fullstendig utlysingstekst og søknad for kvar kommune finn du her:

Skular i Gjesdal kommune: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=334885036

Skular i Hå kommune: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=334894917

Skular i Klepp kommune: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=334964144

Skular i Time kommune: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=334919178

 

 

Søknadsfrist 5. februar 2024