Treng du hjelp til å bli med i ein fritidsaktivitet?

Alle barn og unge i Hå skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt. Derfor har me starta opp prosjektet «Alle med i Hå».

Treng du hjelp til å bli med i ein fritidsaktivitet, eller kjenner du nokon som treng hjelp til dette? 

Ta kontakt med Sirwan

Klikk for stort bileteSirwan Saduun er prosjektleiar for «Alle med i Hå». Prosjektet rettar seg mot alle barn og unge, men har fokus på innvandrarbarn. Sirwan har god utdanning innan idrett og interkulturelt arbeid. Han er kurder frå Irak og det var fotballen som hjelpte Sirwan inn i det norske samfunnet. Han snakkar seks språk og har eit brennande engasjement for å hjelpa andre. 
Telefon: 414 62 277
E-post: smoh@ha.kommune.no

 

Slik hjelper me deg i gang:

  • Valg av aktivitet: Sirwan hjelper til med å finna ein aktivitet som barnet likar.
    Her er ei oversikt over alle fritidsaktivitetar i Hå.
  • Det første møtet: Sirwan følger barnet til aktiviteten den første gongen. Då er minst ein av foreldra med. Dei får då helsa på trenaren/aktivitetsleiaren.
  • Økonomi: Medan barnet held på med aktiviteteten, snakkar Sirwan med foreldra om økonomi og betaling. NAV har støtteordningar for foreldre som mottek sosialhjelp. Dei største idrettslaga har etablert fond der foreldra kan søka om støtte til å dekka medlemsavgift, treningsavgift og andre utgifter knytta til aktiviteten. Søknaden vert behandla av dagleg leiar i idrettslaget, og vert meir sett på som ein formalitet enn ein formell søknad. Kulturskulen har også sett av midlar slik at barn/unge frå låginnteksfamiliar kan få delta i kulurskuletilboda.
  • Utstyr: Det er mange som manglar utstyr til fritidsaktivitetar, men takka vera fond, NAV, innsamlingar og utstyrspool, kan me hjelpa til med å ordna dette. 
  • Oppfølging: Når det har gått ei stund, tek Sirwan kontakt igjen, og sjekkar om barnet trivst, har det utstyret det treng og om det er noko anna han kan hjelpa med. 

Kvifor er det viktig å gå på ein fritidsaktivitet?

Gjennom deltaking i fritidsaktivitetar er det lettare å bli inkluderte i lokalmiljøet og å læra det norske språket. Sjansen for at å lukkast i skule- og arbeidslivet på sikt, er også større. Dette er viktig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Fritidsaktivitetar er også med på å førebygga utanforskap og radikalisering. 

Resultat

Sidan oppstarten i 2017 har «Alle med i Hå» vore ein kjempesuksess:

120 barn og unge i har begynt på minst ein fritidsaktivitet Klikk for stort bilete        
Klikk for stort bilete    51 jenter har begynt på minst ein fritidsaktivitet
Klikk for stort bilete   69 gutar har begynt på minst ein fritidsaktivitet
Klikk for stort bilete   Barn fra 23 ulike nasjonalitetar har begynt på minst ein fritidsaktivitet

Tala blei oppdaterte 1. oktober 2019.

Kontakt

Sirwan Saduun
Prosjektleiar for Alle med i Hå
Mobil: 414 62 277
Fann du det du leita etter?