Slik bestiller du billettar til familiebading i Stampen

  1. Installer Vipps-appen på mobilen din
  2. Gå inn på Vipps
  3. Trykk på "Kjøp og betal"
  4. Søk opp "Stampen" eller butikk-kode #122807
  5. Velg "Familiebading"
  6. Velg timen du vil delta på ved å trykka pluss-teiknet for å velga talet på billettar
  7. Trykk på "Handlekurv" og sjekk om bestillinga di er rett
  8. Trykk på "Klar til å betale"
  9. Trykk på "Betal"
  10. Du får nå opp ei kvittering som du skal visa til badevakta. Dersom du har bestilt feil eller angrar på bestillinga, kan du trykka på "avbryt". Pengane blir då refundert til deg automatisk.

Kor mykje kostar det?

I 2019 vil det kosta 40 kroner for ein billett til familiebading uansett om du er barn, vaksen eller pensjonist.

Kan eg avbestilla billettane?

Ja, du kan når som helst avbestilla billettane dine og få igjen pengane. Billettane vil då bli tilgjengelege for andre.

Kan eg avbestilla berre nokre av billettane?

Nei, det går dessverre ikkje an. Dersom ein i familien ikkje kan vera med, må du avbestilla alle billettane og heller bestilla rett tal på nytt. 

Korleis avbestiller eg billettane?

  1. Gå inn på Vipps
  2. Trykk på "Betalinger" i menylinja nederst på skjermen
  3. Gå inn på "Kvitteringer"
  4. Finn kvitteringa frå Stampen og trykk på denne
  5. Trykk på "Avbryt" 

Kan eg stå på venteliste dersom det ikkje er ledige billettar?

Nei, me har ingen ordning for venteliste. Dersom nokon avbestiller billettane sine, vil dei bli ledige i Vipps.

Kva skjer dersom eg ikkje avbestiller billettane og ikkje dukkar opp til time? 

Då vil du ikkje få igjen pengane dine. 

Korleis viser eg til badevakta at eg har betalt? 

Dette kan du gjera på ein av to måtar:

  • Du viser fram Vipps-kvitteringa på mobilen i billettluka, og badevakta tastar inn ein kode for å stadfesta bestillinga. 
  • Du seier namnet på den som har bestilt til badevakta i billettluka, og badevakta søker opp bestillinga di. 

Korleis kan eg bruka ledsagerbevis når eg må bestilla med Vipps?

Du bestiller billettane i Vipps som forklart over, og tek med deg ledsagerbeviset t i Stampen. Når du kjem til Stampen blir bestillinga di kansellert, og du betaler berre for den eller dei som skal betalast for. 

Kva skal eg gjera dersom eg ikkje har Vipps eller ikkje får det til?

Ta kontakt med servicetorget på 51 79 30 00. 

Fann du det du leita etter?