Kva er Jærskulen?

Jærskulen er eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling i Gjesdal, Hå, Klepp og Time. I Rogaland er kommunane delt opp i tre utdanningsregionar. Jærskulen er saman med Dalane og Sandnes del av Utdanningsregion Sør.

I dei fire Jærkommunane har me 34 gode skular med dyktige lærarar, skuleleiarar og andre tilsette.  Alle dei fire kommunane har tradisjonelt hatt eit sterkt fokus på skule og skuleutvikling. 

Jærskommunane hadde over mange år bygd opp Jærnettverket til å bli eit svært godt nettverk for samarbeid om skuleutvikling då ein i 2011 utforma eit mål og prinsippdokument som var bakgrunnen for Jærskulen.

Det var kommunalsjefar og hovudtillitsvalde frå utdanningsforbundet som skipa Jærskulen i 2011.

Frå 2013-2019 var Jærskulen eit prosjekt for kommunane. Frå og med 2019 er samarbeidet ein fast avtale om skuleutvikling.  Jærskulen er forankra gjennom politisk vedtak i dei fire kommunane sine kommunestyre.

Dette samarbeidet skal gje leiing og tilsette den styrken som skal til for å oppnå eit betre læringsutbytte for grunnskuleelevane på Jæren.