Time, Hå, Gjesdal og Klepp danna eit formelt samarbeid om skuleutvikling i 2011 under namnet Jærskulen. I 2020 er dei fleste kommunane i Noreg i ein utdanningsregion der ein samarbeidar interkommunalt om kompetanseutvikling. Dette nybrotsarbeidet har styrka dei fire kommunane si utvikling på leiarnivå og på skuleeigarnivå.
På fleire område ser ein forbetring i elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte. Dette vert omtala kvart år i tilstandsrapporten for Jærskulen.
3.november 2011 laga Time, Hå, Gjesdal og Klepp eit mål og prinsippdokument. Dette dokumentet var eit resultat av ein lengre prosess mellom dei hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet og den skulefaglege leiinga i Jærkommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time for å styrka samarbeid mellom kommunane.
Jærskulen som prosjekt starta i 2013. Frå og med 2014 har Jærskulen hatt ein felles tilstandsrapport. Dei ligg under "fil" på denne sida. I 2016 vart det gjennomført ei midtvegsevaluering og i 2019 vart det gjennomført evaluering av Jærskulen som prosjekt.
Kommunestyra gjorde vedtak våren 2019 ut frå hovudevalueringa:
Vedtak i kommunestyret i Time, Gjesdal og Hå er dette (einstemmig):
1. Sluttrapporten om Jærskulen tilseier at samarbeidet går over i ein fast avtale og at dette held fram under namnet Jærskulen.
2. Rådmennene får fullmakt til å gjennomføra dei organisatoriske endringane som ein treng for å vidareføra Jærskulen.
3. Jærskulen avgir ein årleg rapport i tillegg til tilstandsrapporten.
Vedtak i kommunestyret i Klepp er dette:
(Forslaget fekk 25 stemmer. Alternativt forslag fekk 6 stemmer (Ap og V))
1. Prosjektperioden med Jærskulen blir forlenga i tre år.
2. Det blir utarbeida ei ny evaluering i 2022 som skal sjå på om og korleis samarbeidet skal vidareførast.
3. Alle lærere og rektorer deltek i ei ekstern spørreundersøking hausten 2019, for å sikra forbedring av Jærskulen.
Klepp kommune har ikkje sagt nei til Jærskulen i sitt vedtak. Klepp kommune v/ kommunestyret har definert samarbeidet som er i dag som eit prosjekt.
I skuleåret 2019/2020 har ein gjort nokre endringar i organiseringa av Jærskulen. Det går fram her:Tiltak og mål for Jærskulen er skildra her.