Koronavirus

Her finn du alt om koronapandemien og vaksinering i Hå kommune

Siste nytt Vaksine Informasjon

 

Er du læraren vi søkjer etter?

 

 

Bli læKlikk for stort bileterar i Jærskulen du og!

Me treng deg til skulane våre i Time, Hå, Gjesdal og Klepp kommune.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Elevane våre er vande med dyktige tilsette som kvar dag har fokus på å auke læringsutbyttet og vidareutvikle eit inkluderande læringsmiljø på dei 34 skulane våre.

Det er derfor viktig for oss at du som søkjer har godkjent lærarutdanning med sterk fagleg og pedagogisk kompetanse. 

Har du eit positivt elevsyn og er klar for å vere med å vidareutvikle elevenes skolemiljø, så passer du godt inn i det profesjonelle læringsfellesskapet me har i Jærskulen.

Send oss ein søknad og bli med på laget i Jærskulen du og!

Klikk for stort bilete 

I Jærskulen får du:

  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Arbeid i team saman med dyktige kollegaer
  • Rettleiing i 2 år for nyutdanna lærarar
  • Tilbod om etterutdanning og vidareutdanning
  • Undervisa elevar som nyttar læringsteknologi dagleg. Alle elevane på dei 33 skulane har eigen Ipad, Chromebook eller pc. 

 

Korleis søkja:

Du kan søkja ein eller fleire av skulane/ kommunane i Jærskulen. Fellesutlysning i kvar kommune har søkandsfrist 15.februar 2021. Du kan søke jobb i ein eller fleire av kommunane. Du må sende søknad til kvar kommune

Hå kommune klikk her

Klepp kommune klikk her

Time kommune klikk her

Gjesdal kommune klikk her

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Her kan du lese meir om Jærskulen: www.jaerskulen.no


 

 Ledig stilling som utviklingsleiar i Jærskulen.

Arbeidsstad er Time, Hå, Gjesdal og Klepp kommune

 

 

Lurer du på noko? Me vil gjerne kunne hjelpe deg med svar på spørsmål som du har medan du er student. 

Spør oss på messenger via facebook sida.

https://www.facebook.com/jaerskulen/

 

Her kan du lese spørsmål som andre studentar har stilt før til Jærskulen.