Måla er gjeldande for kommunane og skulane. Dei overordna måla er store,
og vert kvart år konkretiserte i tiltak som ein er einig om i det interkommunale samarbeidet i Jærskulen
Formål:
Samarbeid og læring i eit større fellesskap på tvers av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og
Time i Jærskulen styrkar kommunane og skulane i si utvikling. Læringsfellesskapet er med
på å skapa gode og trygge læringsmiljø som fremmar den enkelte elev si læring. I arbeidet
med å fremma læringa for elevane på våre 33 skular er skuleleiarane sentrale.
Jærskulen skal vera med på å styrka skuleleiarane i sine roller slik at det vert lagt til rette for
profesjonsfaglege fellesskap med skulebaserte prosessar på eigen skule.
Målet med læringsfellesskapet i Jærskulen:
Jærskulen har skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar som jamleg reflekterer over felles
verdiar, og vurderer og vidareutviklar eigen praksis.