Møllerhaugen - eit alternativt tilbod

Møllerhaugen er ein alternativ skule for elevar som har nytte av ein annan opplæringsarena. Skulen er lokalisert i ein ombygd driftsbygning på Møllerhaugen, på Nærbø. Der leiger Hå kommune både driftsbygning og uteareal i skuletida. Administrativt ligg Møllerhaugen under Nærbø ungdomsskule.

Primært er Møllerhaugen eit tilbod for ungdomsskuleelevar i Hå kommune, men ein gjer og plass til nokre av dei eldste barneskuleelevane ved behov.

Klikk for stort bilete

 

På Møllerhaugen får elevane fagleg og sosial oppfølging, gjennom arbeid med skulearbeid og lekser. Ein legg og opp til praktiske aktivitetar siste del av dagen, som t.d. kroppsøving, friluftsliv, mat og helse, fysisk aktivitet og helse, tid til samtale, film og spel. 

Det er ei lita elevgruppe, på om lag 6-8 elevar pr. dag, med tett vaksenkontakt. Kor mange dagar den enkelte eleven har på Møllerhaugen i løpet av ei veke, varierer. Fokuset er på struktur, fagleg/sosial tilpassing, ros, løn og konsekvens.

Heimeskulen har det faglege ansvaret ved å senda studieplanar, lekseplanar, og gje vurdering. Elevane nyttar eigen Chromebook til skulearbeidet.

 

Det vert gitt vurdering/karakter i ulike fag i samarbeid med heimeskulen. 

Personell

Klikk for stort bilete

 

Klikk for stort bilete

 

 

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete
Eldbjørg Engelsvoll Marius Moen Merete Ohma Astrid Brekke Salte, lagleiar  
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Astrid Brekke Salte
Lagleiar Møllerhaugen
Mobil: 917 15 758