Kva er Jærskulen?

Jærskulen er eit forpliktande samarbeid i eit større læringsfellesskap på tvers av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time, som skal styrke kommunane og skulane si utvikling. Samarbeidet er forankra i kommunestyrevedtak i kvar kommune.

I Jærskulen er det rundt 1100 elevar, fordelt på 34 skular i dei fire kommunane. Private skular er ikkje med. Jærskulen har ca. 50 prosent av nynorskelevane i Rogaland.

I desentralisert kompetanseordning er Rogaland delt opp i tre utdanningsregionar. Jærskulen er saman med Dalane og Sandnes del av Utdanningsregion Sør - Rogaland.

Utviklingsområda i Jærskulen er elevmedverknad og profesjonsfagleg digital kompetanse.