Organisering

Organisering Jærskulen

 

 

Politisk skuleeigar

Politisk skuleeigar i kommunane har øvste ansvar i Jærskulen. Det er kommunane som styrer det interkommunale samarbeidet i Jærskulen. Jærskulen er organisert på følgande måte:

 Styringsgruppa i Jærskulen

Styringsgruppa består av skolesjefar og hovedtillitsvalte (HTV) og skal vidareutvikle og følge opp tiltak i Jærskulen. Styringsgruppa skal ha 3-4 møte i halvåret. Utviklingsleiar i Jærskulen er deltakar utan stemmerett.

Strategisamling Jærskulen

Jærskulen gjennomfører to strategisamlingar i året. Alle på skuleeigarnivå, HTV og ein rektor frå kvar kommune vert invitert til å vera med. 

Jærskulesamlingane

Dei fire Jærskulesamlingane er samarbeids- og kompetansehevingsarena for Jærskulen. Samlingane skal vere med å styrka skuleleiarane i sine roller slik at det blir lagt til rette for profesjonsfaglege fellesskap og gode skulebaserte prosessar på alle skular.

Organisering av Jærskulesamlingane

Jærskulesamlingane gjennomførast fire gonger i skuleåret, i september, november, februar og april. Deltakarar frå skuleeigarnivå er skolesjefar og rådgjevarar, men andre kan bli invitert. 

Skuleleiarar, HTV og Arbeidsplasstillitsvalte (ATV) deltar på alle samlingane. 

Jærskulesamlingane varer frå kl. 09:00-15:00 og er organisert i ein fellesdel og arbeid i nettverk . I fellesdelen deltar skuleeigarar, skuleleiarar, HTV, ATV og eventuelt andre inviterte. 

Innhaldet i Jærskulesamlingane er kompetanseheving gjennom Desentralisert kompetanseordning (DEKOM), foredrag og deling.  

Utviklingsleiar og ein representant frå kvar kommune har ansvar for praktisk gjennomføring og organisering av Jærskulesamlingane. Etter kvar samling gjennomførast ei evaluering blant skuleleiarane og ATV. Ei arbeidsgruppe beståande av skulesjefar, rådgjevarar, HTV og utviklingsleiar har ansvar for å gå gjennom svara og foreslå eventuelle endringar.   

Læranda nettverk

Skulane sine leiargrupper er delte i sju nettverk. Det er fire nettverk for barneskulane, to nettverk for ungdomsskulane og eitt nettverk for dei kombinerte skulane. Nettverka er organisert som leiarnettverk og ATV-nettverk på tvers av kommunane. 

Alle skular stiller med minst to representantar frå si leiargruppe i eige nettverk. Leiing av nettverksmøta går på rundgang. Den skulen som har ansvaret for å leie nettverket har følgjande oppgåver: 

  • Leiar ber om innspel frå dei andre skulane i nettverket på saker dei ønskjer å ta opp og drøfte i nettverket
  • Leiar har tenkt igjennom korleis fasilitere nettverksmøtet for å ivareta dialog og god og effektiv møteleiing
  • Leiar har også ansvar for at nettverket blir einige om konkrete arbeidsoppgåver som skal gjennomførast på eigen skule til neste samling

Skulesjefar og rådgjevarar deltar og i leiarnettverka. Dei er skuleeigars representant og skal støtte leiarane av nettverka i planlegging og gjennomføring av nettverka. 

HTV og lokallagsleiar har ansvaret for nettverk for ATV og lokale ATV-samlingar. Desse blir lagt ut frå eit samla årshjul.