Om Jærskulen

Jærskulen er eit samarbeid om skuleutvikling i Hå, Gjesdal, Klepp og Time.

Klikk for stort bilete Jærkommunane har over fleire år bygd Jærnettverket opp til å bli eit av dei best fungerande i Rogaland. Dette samarbeidet skal gje leiing og tilsette den styrken som skal til for å oppnå eit betre læringsutbytte for grunnskuleelevane på Jæren. Jærskulen er forankra gjennom politisk vedtak i dei fire kommunane.

I dei fire Jærkommunane har me 34 gode skular med dyktige lærarar, skuleleiarar og andre tilsette. Undersøkingar viser at dei aller fleste elevane trivst veldig godt i skulane på Jæren. Alle dei fire kommunane har tradisjonelt hatt eit sterkt fokus på skule og skuleutvikling.

Aktuelle fokusområde for Jærskulen finn du under "for tilsette".

Jærskulen har ein felles portal for å arbeide med eit trygt og godt skulemiljø. www.tryggskule.no

Jærskulen har eit prosjekt om kritisk tenkning i samarbeid med Universitetet i Stavanger, skular i Frankrike og Erasmus+. www.clae.no