Historikk

Dei fire jærkomunane har samarbeida tett i fleire tiår. Jærskulen vart etablert i 2013 og det vart gjennomført ei midtvegsevaluering hausten 2016.

3.november  2011 laga Time, Hå, Gjesdal og Klepp eit mål og prinsippdokument. Dette dokumentet var eit resultat av ein lengre prosess mellom dei hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet og den skulefaglege leiinga i Jærkommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time for å styrka samarbeid mellom kommunane. Jærkommunane hadde då bygd opp Jærnettverket til å bli eit av dei best fungerande i Rogaland med mange samarbeidsprosjekt.

Evalueringa frå 2016 tydeleggjer kursen ein ønskjer på samarbeidet i Jærskulen.

Frå mål og prinsippdokumentet 03.11.2011

Visjonen for Jærskulen:
Kvalitet
Kontinuerlig vidareutvikling av utdanningstilbodet i ein kompetent og profesjonell skule.

Kunnskapsutvikling
Kunnskapsutvikling fordrar kompetanse. Eit nært tverrkommunalt samarbeid gjev større
fagmiljø på alle nivå.

Styrke
Eit sterkt politisk skuleeigarskap.


Mål:
Jærskulen har eit kollektivt fagleg trykk:
Jærskulen har eit godt læringsmiljø med god kultur for læring.
Jærskulen har godt læringsutbytte.
Jærskulen tiltrekker seg kompetente lærarar, inspektørar og rektorar og stimulerer til vidare
kompetanseheving.

Jærskulen har skuleeigarar som tar ansvar for mandatet.
Jærskulen gir positive assosiasjonar.
For å nå måla for Jærskulen må elevar, føresette, lærarar, skuleleiarar og skuleeigar gjensidig utvikla
forventningar til kvarandre, med respekt for dei ulike rollene partane i skulen har, og med fokus på
elevane sitt læringsutbytte.