Er du den vi søkjer etter?

Bli lærar i Jærskulen du og!

Klikk for stort bilete  

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Elevane våre er vande med dyktige tilsette som kvar dag har fokus på å auke læringsutbyttet og vidareutvikle eit inkluderande læringsmiljø på dei 33 skulane våre.

Det er derfor viktig for oss at du som søkjer har godkjent lærarutdanning med sterk fagleg og pedagogisk kompetanse.

Me står framfor nye moglegheiter med ny læreplan, og i dette samarbeider me i partnarskap med ressurspersonar ved Universitetet i Stavanger. Har du eit positivt elevsyn og er klar for å vere med å vidareutvikle elevenes skolemiljø, så passer du godt inn i det profesjonelle læringsfellesskapet me har i Jærskulen.

Send oss ein søknad og bli med på laget i Jærskulen du og!

 

I Jærskulen får du:

  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Arbeid i team saman med dyktige kollegaer
  • Rettleiing i 2 år for nyutdanna lærarar
  • Tilbod om etterutdanning og vidareutdanning
  • Undervisa elevar som nyttar læringsteknologi dagleg. Alle elevane på dei 33 skulane har eigen Ipad, Chromebook eller pc. 

 

Korleis søkja:

Du kan søkja ein eller fleire av skulane/ kommunane i Jærskulen.

Du kan ikkje senda inn ein fellessøknad til alle fire kommunane på ein gong.

Fullstendig utlysningstekst og søknad for kvar kommune finn du her:

Hå kommune klikk her

Klepp kommune klikk her

Time kommune klikk her

Gjesdal kommune klikk her

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Her kan du lese meir om Jærskulen: www.jaerskulen.no