Student: Lurer du på noko?

Klikk for stort bilete Lurer du på noko? Spør oss på messenger via facebook sida.

Me vil gjerne kunne hjelpe deg med svar på spørsmål som du har medan du er student. https://www.facebook.com/jaerskulen/

 

Her kan du lese spørsmål som andre studentar har stilt før til Jærskulen.

Her er nokre spørsmål og forsøk på svar:

1) Kva er ein IOP? 

Foreldreutvalet for grunnopplæringa har eit godt svar på det:

http://www.fug.no/hva-er-en-iop.4659827-147682.html

2) Korleis arbeider Jærskulen med mål etter K06 (og no seinare LK2020). Har de lokale mål for kvart trinn, for kvar kommune eller er ein utan lokale mål?

Kvar skule har eigne lokale planar. 

3) Kva fag treng skulane ?

Alle fag treng ein. Det er og slik at ein treng dei praktisk-estetiske faga. Det vil vera ulike behov på dei ulike skulane. Mange skular melder om at dei treng engelsk og spes.ped. kompetanse. Eit råd er å ta fag som de er interessert i og som er skulefag. 

https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Ovrige-tema/krav-om-relevant-kompetanse-for-a-undervise-i-fag-udir-3-2015?depth=0&print=1

4) Startløn? Dei fire kommunane har ikkje lik løn. Det er slik at løn vert forhandla lokalt, og ikkje for fire kommunar. Det er noko ulikt. Alle er innanfor krava eller over.  Alle fire kommunane har eit kontaktlærartillegg som ligg godt over minstenormen. https://www.utdanningsnytt.no/krever-mer-tid-for-kontaktlaerere/172818

5) Praksisskular: Er det mange praksisskular på Jæren. Ja, over halvparten av grunnskulane på Jæren er praksisskular. 

6) Er det gode moglegheiter for jobb i Jærskulen? Ja, ein treng nye lærarar kvart år. 1.februar kvart år er det søknadsfrist for faste stillingar 1.august same år. Det vert tilsett i faste stillingar tidleg våren før, men av erfaring dukker det alltid opp nye stillingar i april, mai, juni og august. Nokre av dei ca 800 lærarane våre vert gravide, andre sjuke,  eller dei får godkjent videreutdanning med reduksjon i stillinga si slik at ein treng vikar på skulane. Ta kontakt om du ønskjer jobb i Jærskulen.