Viktig informasjon om koronavirus

Mål

Måla for Jærskulen er dei overordna nasjonale måla, kalla for sektormål.
1. Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø
2. Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
3. Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse
4. Alle lykkast med opplæringa og utdanninga

Måla er gjeldande for kommunane og skulane. Dei overordna måla er store, Klikk for stort bilete og vert kvart år konkretiserte i tiltak som ein er einig om i det interkommunale samarbeidet i Jærskulen

Formål:
Samarbeid og læring i eit større fellesskap på tvers av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og
Time i Jærskulen styrkar kommunane og skulane i si utvikling. Læringsfellesskapet er med
på å skapa gode og trygge læringsmiljø som fremmar den enkelte elev si læring. I arbeidet
med å fremma læringa for elevane på våre 33 skular er skuleleiarane sentrale.
Jærskulen skal vera med på å styrka skuleleiarane i sine roller slik at det vert lagt til rette for
profesjonsfaglege fellesskap med skulebaserte prosessar på eigen skule.


Målet med læringsfellesskapet i Jærskulen:
Jærskulen har skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar som jamleg reflekterer over felles
verdiar, og vurderer og vidareutviklar eigen praksis.

Kommunane samarbeidar om skuleutvikling på skuleeigarnivå, tillitsvaldsnivå og på skuleleiarnivå.

Kvart år vert det laga ein plan om kva ein skal samarbeid om ut frå evalueringar og prioriteringar som vert gjort kvart halvår.