Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument for utbygging i høve til framtidige behov, samt rehabilitering og utvikling av bygningsmassen til ei moderne og fleksibel barnehagedrift.

Dei siste åra har veksten i folketalet vore vesentleg lågare enn dei føregåande åra. Det er sannsynleg at framskrivingane ikkje fangar opp den faktiske utviklinga framover, og i så måte blir tala usikre. Barnehagebruksplanen vil bli revidert anna kvart år og vil bli lagt fram saman med rådmannen sitt økonomiplanforslag. 
Barnehagebruksplanen gjer greie for antatt behov for barnehageplassar i perioden 2018-2022 og forslag til prioriterte tiltak for å møte dette behovet. Framskrivingane av behovet for nye barnehageplassar viser at det samla sett er nok kapasitet i kommunen i dag. Som ein del av revisjonsarbeidet vart det og lagt fram ei tilstandsvurdering av barnehagebygga, samt eit overordna idégrunnlag for kvalitet og funksjon i barnehagane. 
Ei drøfting av kvaliteten og den gode barnehagen i samspelet mellom pedagogisk arbeid og barnehagen sitt fysiske miljø, blir nærare omtala i Kvalitetsplan for barnehage 2018-2021, som blei vedtatt i KS, 
våren -18.

Fann du det du leita etter?