Eg er forelder

Dersom du opplever at barnet ditt/ungdommen din vert utsett for mobbing eller krekningar, skal dette alltid meldast til kontaktlærar og eller skuleleiinga på din skule

Arbeidet med å forebygge mobbing krev engasjement og deltaking fra alle tilsette, elevar og foreldre. Vi ber deg og melde frå dersom du får kjennskap til at andre elevar blir mobba. Les meir om kva mobbing er, og kva du kan gjera, på nettstaden nullmobbing.no

Denne nettressursen er ein del av det systematiske arbeidet med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar på skulane på Jæren. 

På heimesida til kvar skule i GjesdalKlepp og Time vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Her kan du som forelder melda frå om mobbing. Ved å gå til din skule og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein e-post til rektor. Du kan sjølvsagt også kontakta skulen på telefon, e-post eller ved at du kontaktar ein tilsett på skulen.

Elevar og foreldre skal fyrst ta kontakt med skulen, men om dei ikkje vert høyrte på skulen kan dei ta kontakt med fylkesmannen direkte.