Informasjon

Elevane på skulen treng at vaksne grip inn når nokon ikkje har det trygt og godt på skulen. 

Her finn du skjema til bruk i det systematiske arbeidet på skulen til å handtere mobbing og krenkingar på skulane i Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune.

Dersom du får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal du snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga. Dersom det er mogleg, skal du sjølv gripe direkte inn.

Skulen, og dei tilsette i skulen, har tydelege plikter og omfattande ansvar for å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø. Arbeidet med å førebygge mobbing krev engasjement og deltaking frå alle tilsette, elevar og føresette.

Dersom du som tilsett mistenker at ein elev ikkje har det godt så skal du ta dette opp med leiinga på skulen.

Denne nettressursen er ein del av det systematiske arbeidet med å fremme, førebygge og handtere mobbing og krenkingar i Jærskulen.

Ein arbeidar på tre nivå. System (skule), gruppe og individ.

 

Relevante dokument: