Fjern oljetanken

Bruk av fossil fyringsolje til oppvarming i bustader blir forbode i 2020. 

Klikk for stort bilete

Hå brannvesen er ansvarleg myndigheit for akutt, lokal forureining. Det er viktig at vi har eit oppdatert register over oljetankar for å ha ein god oversikt over forureiningsrisiko og potensielle kjelder til forureining. Vi ber om at skjemaet blir fylt ut og returnert, gjerne som e-post. Dette gjeld sjølv om tanken er fjerna.

Vi vil også minna om at tankeigar er ansvarleg for at tanken er i god stand slik at det ikkje oppstår lekkasje. Nedgravne tankar i stål rustar både frå inn- og utsida, og i følge Veritas har slike tankar ei levetid på 25-30 år. Dei fleste oljetankane i regionen er eldre enn dette, og bør sanerast eller fjernast for å hindra lekkasje som kan føra til kostbare skadar på miljø og eigedom. Om det ikkje er gjort dei siste åra, bør tanken tilstand kontrollerast. Det vert kravd fagleg ekspertise for å kunne gjennomføra kontroll og eventuell fjerning/sanering av oljetanken. På www.oljefri.no finn ein oversikt over kvalifiserte tilbydarar av slike tenester.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?