Formål
Eit forpliktande samarbeid i eit større læringsfellesskap på tvers av kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time, som skal styrke kommunane og skulane i si utvikling. Læringsfellesskapet skal bidra til å skapa gode og trygge læringsmiljø som fremmar den enkelte elev si læring. I arbeidet med å fremma læringa for elevane, er skuleleiarane sentrale. Jærskulen skal vere med å styrka skuleleiarane i sine roller slik at det blir lagt til rette for profesjonsfaglege fellesskap og gode skulebaserte prosessar på alle skular.
Måla med læringsfellesskapet i Jærskulen
Jærskulen skal ha skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar som jamleg reflekterer, vurderer og vidareutviklar eigen praksis i lys av felles verdiar. Måla for Jærskulen er dei overordna nasjonale sektormåla for grunnskulen og er gjeldande for kommunane og skulane i Jærskulen:
- Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø
- Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikle potensialet sitt
- Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse
- Alle lykkast med opplæringa og utdanninga
Medverknad på alle nivå
I Jærskulken har me ein ambisjon om at samarbeidet skal vera kjennteikna av medverknad på alle nivå, frå klasserommet til kommunalsjef. Vårt felles fokus og innsats i Jærskulen for å nå sektormåla er medverknad.