Kommunane samarbeidar om skuleutvikling på skuleeigarnivå, tillitsvaldsnivå og på skuleleiarnivå.
Kvart år vert det laga ein plan om kva ein skal samarbeid om ut frå evalueringar og prioriteringar som vert gjort.
I skuleåret 2023/2024 har ein desse felles tiltaka
- Langsiktig arbeid med utvikling av praksis / Læreplanfornyinga. Desentraliserte kompetanseutviklingsordning (DEKOM) i partnarskap med Universitetet i Stavanger (UiS).
- Felles samarbeid om teknologi som verktøy for læring. /Profesjonsfagleg digital kompetanse (Pfdk).
- Felles kurs og driftsoppgåver m.a. eksamen, rekruttering.
- Trygt og godt læringsmiljø.
Sist endra 16.08.2023 13.21