DEKOM

DEKOM er eit partnarskap med Universitetet i Stavanger (UiS). Jærskulen er ein del av Region-sør, Rogaland saman med Sandnes og område Dalane. Formålet med partnarskapet er eit langsiktig arbeid som, gjennom medskaping og profesjonelle læringsfellesskap i alle ledd, skapar gode og trygge læringsmiljø som fremjar elevane si læring. Det er utarbeidd felles kunnskapsgrunnlag gjennom bakgrunnsdokument og plan for Region-sør, Rogaland, sist revidert 14. juni 2022. Innanfor DEKOM er Jærskulen med i forsknings- og utviklingsprosjektet Partners in practice

Partners in practice (2020-2025)

Partners in practice er eit partnarskap med Lesesenteret, UiS, og målet er å fornye og utvikle gode faglige praksisar, basert på ein dialogisk tilnærming til undervising. I samarbeid med lærarar i Jærskulen ønsker forskarane å utvikle, prøve ut og vidareutvikla undervisning i norsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Deltakande skular i skuleåret 2023-2024 er Gjesdal ungdomsskule, Klepp ungdomsskule, Vardheia ungdomsskule og Varhaug ungdomsskule.

Kleppe skule, Rosseland skule, Varhaug skule og Ålgård skule var innsatsskular forrige skuleår.