DEKOM

DEKOM er eit partnarskap med Universitetet i Stavanger (UiS). Jærskulen er ein del av Region-sør, Rogaland saman med Sandnes og område Dalane. Formålet med partnarskapet er eit langsiktig arbeid som, gjennom medskaping og profesjonelle læringsfellesskap i alle ledd, skapar gode og trygge læringsmiljø som fremjar elevane si læring. Det er utarbeidd felles kunnskapsgrunnlag gjennom bakgrunnsdokument og plan for Region-sør, Rogaland, sist revidert 14. juni 2022. Inneafor DEKOM er Jærskulen med i forskningsprosjektet Partners in practice og PfDK (Profesjonsfagleg didaktisk kompetanse)

Partners in practice (2020-2025)

Partners in practice er eit partnarskap med Lesesenteret, UiS, og målet er å fornye og utvikle gode faglige praksisar, basert på ein dialogisk tilnærming til undervising. I samarbeid med lærarar i Jærskulen ønsker forskarane å utvikle, prøve ut og vidareutvikla undervisning i norsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Deltakande skular er Kleppe skule, Rosseland skule, Varhaug skule og Ålgård skule. 

Profesjonsfagleg digital kompetanse (Pfdk)

Styringsgruppa i Jærskulen er eigar av prosjektet og utviklingsleiar i Jærskulen er prosjektleiar. Målet med tiltaket er at Jærskulen har lærarar og leiarar med god profesjonsfaglig digital kompetanse for å realisere måla i LK20 og utvikla digitale medborgarar. Utviklinga av læraren sin digitale kompetanse har eit tosidig siktemål. Den eine handlar om profesjonsutvikling og den andre om måten læraren underviser på. PfDK er organisert med IKT ressursgruppe og digitale ressurspedagogar.

IKT ressursgruppe

Denne gruppa består av to tilsette innanfor IKT i kvar kommune, ein tilsett frå teknisk/drift og ein med pedagogisk tilnærming. Dei gjennomfører 5 møter kvart år kor fokus er på læring og samarbeid om bruk av læringsteknologi i kommunane. IKT ressursgruppa jobbar med strategisk utvikling med vekt på samkjøring og erfaringsdeling i kommunane. 

Digitale ressurspedagogar

I kvar kommune er det 2-3 digitale ressurspedagogar for læringsteknologi. Dei har fire nettverksmøte kvart år. I møta er erfaringsdeling og kompetanseheving sentralt. Ressurspedagogane har eige ansvar for arbeid ut i kommunane saman med skuleeigar og skuleleiinga og det er utarbeida eigen strategiplan for arbeidet 2021-2023.